Inspirasjonskveld: Gaming og psykisk helse

25.4.22 18:00
Florø kulturhus
0 kr
Påmelding

Gaming kan påverke barn og unge si psykiske helse på både godt og vondt. Korleis vert dei unge påverka av gaming, og korleis kan gaming vere ein arena for inkludering og psykisk meistring?

Det er ei glede å få invitere til inspirerande foredrag som på kvar sin måte peikar på ulike erfaringar med gaming. Arrangementet er eit samarbeid med Florø E-Sport og er gratis for alle, men vi har avgrensa tal plassar. Meld deg på i linken.

Cecilie Jelstad er mor til ein profesjonell e-sport utøvar og fortel om kor viktig det er for gamarar å ha trygge rammer åutvikle seg i.

Preben «Prebz» Fjell er ein kjend og profesjonell YouTuber. Han deler si erfaring med fordommar og mangel på kunnskap rundt gaming.


Flere arrangementer